Blow-out på Sunset

Eg er veldig glad i- og opptatt av hår, ikkje berre fordi eg har blitt vekkskjemt med å få det fiksa støtt og stadig dei siste ti åra. Eg var i heile ungdomsskuletida mi prøvekanin for frisøren min i Sogndal, og eg elska å sitte i den stolen, time etter time. Hylla mi på badet er rimelig stappfull av hårprodukt. I ein lengre periode testa eg ulike hårfargar, men akkurat det har eg slutta med, trur nemlig ein er finast med den fargen ein er fødd med. Ikkje alle hårfargane eg har hatt som såg like bra ut, ser eg i ettertid… 

Tone-La-3_1296-med
Chris og Maurice er eit kjærestepar som operera under navnet Hermaur – og jobba med hårfine frøkner som Nicole Scherzinger og Mel B. Du finne dei på instagram: @hermaur.

Tone-La-3_1298-medTone-La-3_1186-medDei starta med å vaske håret mitt, deretter føna dei det med rundbørste, slik at det vart krølla (dei finaste krøllane etter min smak). For at krøllane skal holde seg bedre, gjekk dei over med krølltang til slutt. Følte meg rikitg så fin der eg tassa ut av salongen.

Tone-La-3_1258-medEtter at eg klipte av meg omlag 20 cm, har det ikkje blitt mykje krølla på meg, men jammen er det fint, sjøl med kortare hår.