Eg er ekstremt glad i frokost. Det første eg tenke på om morgonen er mat. Helst vil eg ha frokost så fort eg vakna. Markus er av typen som i utgangspunktet ikkje er svolten før lunsj, men vi er begge veldig glad i frokost på senga. Det er ein soft og deilig start på dagen. Det går ofte i egg og bacon her i huset, noke eg er veldig glad i (Markus får baconet heilt perfekt, sprøtt og godt!). Eg er óg glad i smoothie, knekkebrød med pålegg og heimelaga musli. Eg er egentlig ein skikkelig matmons, viss Billie vakna om natta, går turen rett i kjøleskapet for å finna noke å knaske på. Ganske dårlig vane, men eg er alltid fysen etter å ha sove.Den bleiekledde alarmklokka på 11 månader går av mellom klokka 05.30 – 07.00. Eg og Markus bytta på å stå opp med sjefen, slik at ein av oss kan få sove lenger. Men heldigvis, når sjefen har fått frokost, så sovna ho igjen – slik at vi kan sove ein time til – og da er vi alle klare for frokost på senga.
Bildene er fra oppholdet vårt i Los Angeles.
Breakfast in bed, I love it!
