Halloumisalaten min!

Eg er heilt gal etter halloumi! Hadde det vore opp til meg, hadde eg ete halloumi til kvart einaste måltid. Det er ein frekk kypriotisk ost, salt, og ganske så sunn faktisk!
Halloumisalaten er easy peasy å lage. Eg pleie å bruke spinat og crispysalat som base og spe på med agurk, tomat, paprika, avocado, gjerne litt solsikkekjerner og det eg ellers måtte ha tilgjengelig i kjøleskapet (godt med honningmelon i). Ofte køyre eg på med kylling eller skinke, da metta den enda litt meir.
Dressingen består av sennep, olivenolje, eddik, maldonsalt og pepper som eg pisska slik at kvart einaste blad blir dekka med den deilige dressingen (lærte den av mi gode venninne Milli når vi var i USA, enkel og veldig smakfull). Mengden av dei ulike ingrediensane føle eg meg berre fram til der og da.

Halloumi stifta eg bekjentskap med i Sør-Afrika for mange år sidan, da åt eg den berre som snacks. Det absolutt diggaste er om du har ein grill; da legg du halloumien på rista til den er gylden på kvar side. Viss ikkje tek du den i steikepanna, funka som ei kule det óg. Her er noken fleire halloumi serveringstips: http://www.bbcgoodfood.com/howto/guide/9-new-ways-serve-halloumi
 Enjoy!