Los Angeles, tidenes by!
Eg har lyst å dele mine LA-tips med dikka. Det som alltid er rart med å komme tilbake dit, er at plassa som gjerne var hot sist ikkje lenger er det, mens nye plassa har dukka opp som ein berre må besøke.
Eg syns alltid det er kjekt å oppleve nye plassa, men eg må óg tilbake til dei gode gamle, dei som har gitt meg så mange gode minner tidlegare.
FROKOST/LUNSJ:
Urth Café:
Organisk, miljøvenneleg og røykfritt. Billig, sunn og god mat. Midt i blinken, spør du meg. Perfekt plassering i forhold til shopping på Melrose.
8565 Melrose Ave, tlf +1 310-659-0628
Mel´s Drive In:
Klassisk amerikansk diner med ein utruleg rikholdig meny. Burgarar, pannekaker, sandwichar, biff og salatar. I serien «Entourage» ser du gutta støtt her. Vi såg faktisk euoropeisk fotball sist vi var der (er ikkje mykje av det i USA).
8585 Sunset Blvd, tlf +1 310-854-7201
Caffe Primo:
Super frokost/lunsjplass. Sunn og god mat, internett- og mykje billigare enn ein hotellfrokost. Eg elska juicane der, samt eggwhite omelet med røykelaks- da er eg i mål.
8590 Sunset Blvd, tlf +1 310-289-8895
Earthbar:
Ohhhh, I just love it! Her e helse-Tone i site mekka, rett og slett. Smothie av alle slag. Eg går alltid (og med alltid meina eg omtrent kvar dag) for «Acai Bowl» (uten banan). Denne er STOR, og helde deg mett lenge. Det er lett å vere sunn i LA!! Earthbar ligge rett bak Caffe Primo på Sunset Plaza.
85980 Sunset Blvd, tlf +1 310-659-9082
The Ivy:
Tidens lunsjrestaurant spør du meg. Stor meny, mykje godt fra grillen, rett og slett heilt fantastisk, pluss at det er veldig koselig der (masse friske blomster). Ligg i ei fantastisk shoppinggate.
113 N Robertson Blvd tlf: +1310 274 8303
MIDDAG:
Pizzeria Mozza:
Verdens beste pizza ifølge meg og Michelle Obama- og vi tek ikkje feil! Mykje billigare enn Peppes Pizza og heilt vanvittig god. Bra vinliste óg, italiensk alt sammen. Mine favorittar er kvit pizza med trøffel og ein rød pizza med sterk salami. Blir svolten berre av å skrive om det. Når du får pizzaen tenke du kanskje at det var tjukk bunn, men når du sette tennene i den, er det crispy på ein måte som er vanskelig å forklare. Du kan få brod via OpenTable, viss ikkje går det an å gjere drop in og sitte i baren.
641 Highland Ave, tlf +1 323-297-0101
Mr. Chow:
Magisk. Denne perla opna i 1974 og har vore hot i mange år. Superstjernene fortsetter å komme hit. Her er det kinesisk kjøkken, og eg anbefala Beijing Duck!
344 N Camden Drive, tlf +1310 278 9911
Madeo:
Ein overprisa italiensk restaurant, men djises så bra! Første gang eg var der satt eg rett ved sida av Keanu Reeves (eg syns jo slikt er gøy, er ein i LA, så er ein i LA).
8897 Beverly Blvd, tlf +1310 859 4903
Cut:
Her serverast den dyraste og mest profilerte biffen i LA- 160 dollar kosta det for eit kjøttstykke. Eg likar egentlig ikkje biff (kall meg gjerne gal), men dette var andre bolla. Eg elska det! Restauranten ligge forresten inne på Pretty Woman-hotellet (Beverly Wilshire). Hugs å reservere i god tid.
9500 Wilshire Blvd, tlf +1310 276 8500
Chateau Marmont:
Gammalt og ekstremt hyggelig hotell, med ein minst like hyggelig restaurant og bar. Sjølv om eg aldri har budd der, er Chateau Marmont ein av mine favoritthotell. Det er ein heilt spesiell atmosfære og interiøret er veldig kult. Chateau har tonnevis av historie og veldig god mat. Det er hotellkongen (sorry Petter) Andre Balazs som eige hotellet (han eige óg Standard hotella), og her har både Brad Pitt (etter bruddet med Jennifer), Lindsay Lohan og Leonardo DiCaprio budd i månadsvis. Han eine i Blues Brothers dø av overdose her, mens Jim Morrison holdt på å miste livet da han slang seg fra takrenna- og fleire historia kan du lese her: http://la.curbed.com/archives/2013/06/a_totally_incomplete_history_of_trouble_at_the_chateau_marmont_1.php
På grunn av at hotellet er stappa med kjendisa, er det strengt forbudt å ta bilder. Middagsreservasjon kan vere vanskelig, til lunsj treng ein imedlertidig ingen bordreservasjon.
8221 Sunset Blvd, tlf +1 323-656-1010

Katsuya:
Asiatisk restaurant som har filial både i Brentwood, eit lite stykke utanfor Hollywood og i Hollywood. Denne restauranten fann opp «crispy rice spicy tuna». Du kan ikkje vere i LA uten å ha ete det. Ekstremt god sushi!! Eg veit ikkje kor hot denne restaranten er lenger, men ingen kan uansett ta fra dei den nydelige maten.
6300 Hollywood Blvd, tlf +1323 871 8777
Mastro i Beverly Hills:
Enda ein utsøkt biffrestaurant. Kanskje den beste? Hugs å få bord i andre etasje kor det er ein tusenkunstnar av ein pianist som spela piano, trompet og saxofon på ein gang.
246 N Canon Dr, tlf +1310 888 8782
Nobu Malibu:
Restaurant der Robert DeNiro er deleigar. Sinnsjuk utsikt over havet, vanvittig god sushi og verdensmesterskap i selfies på alle bord.
22706 Pacific Coast Hwy, Malibu, tlf +1 310-317-9140
SHOPPING:
Melrose Avenue:
Laaaang shoppinggate med butikka av alle kaliber. Dette må du få med deg: Fred Segal (luksuriøst mini-kjøpesenter, 8118 Melrose Ave), Isabel Marant (8454 Melrose Pl), APC (8420 Melrose Pl), mange second hand-butikkar, Helmut Lang (8808 Melrose Ave), Urban Outfitters (7650 Melrose Ave). Hold deg unna øst-delen av gata, med mindre du syns bodane nederst på Karl Johan er toppen av lykke.
Beverly Center:
3.etasjar med shopping plus ein kino. Dyrt og billig om kvarandre; Louis Vuitton, Apple Store, H&M, Bloomingdale, Macy´s, Burberry, Dior, D&G… You get it. Min favorittbutikk der heite «Traffic», der dei blant anna har Isabel Marant og masse anna snadder.
Robertson:
Her må du sette av litt tid, for dette er ei gullgate. Her har dei Intermix, Zimmerman, Paul & Joe, All Saints, Chanel, MAC, Ralph Lauren, Stella McCartney, Gypsy (denne ligger litt skjult i ei sidegate) og min favoritt av dei alle; Curve (ulike brands). Kombiner gjerne shopping her med ein lunsj på The Ivy. Har du kun ein dag til shopping, da går du her!
Rodeo Drive:
Denne gata går eg som regel i kun for å nyte synet av vakre, dyre butikkar, ekslusive bilar og fjonge folk- for her er det dyrt. Chanel, Christian Dior, Roberto Cavalli, Dolce & Gabbana, Celiné. Like ved ligger kjøpesenteret Saks Fifth Avenue, Neiman Marcus og Niketown.
The Grove:
Kjempekoselig shoppingområde med ein stor fontene som midtpunkt. Rundt ligg masse butikkar og restaurantar- og ein gigakino. Her finne du Nordstrom, Abercrombie, Victoria´s Secret, JCrew, Apple Store og mykje meir.
Fairfax Flea Market:
Kvar søndag er det eit stort marked i krysset av Melrose Avenue/Fairfax Avenue. Du betala eit par dollar for å komme inn, deretter er det berre til å velte seg gjennom dei mange bodane. Smykker, kle, sko, antikvitetar, kunst, mat og livemusikk. For ein stemning. Sist eg var der kjøpte eg noken fantastisk fine bilder, svært billig, men jøss så kult. Det er godt at ikkje alt i Los Angeles trenge å koste skjorta.
Just One Eye:
Her har eg faktisk ikkje vore, men eg las at det var her Gwyneth Palthrow shoppa, så det skal eg sjekke ut neste gang er er i LA (7000 Romaine Street). Apropos Gwyneth, så anbefalte ho ein lunsjplass som heite Ammo (1155 N. Highland Avenue)
HOTELL:
Mondrian:
Her bur eg nesten alltid når eg er i LA. Feels like home. Mondrian har alt eit bra hotell skal ha; god atmosfære, herleg restaurant, topp service og ein fantastisk bar- i dette tilfelle; Sky Bar som etter min meining levera som berre det. Her er det ofte poolparties med damer i små bikinar og høge hela (eg syns det er SÅ gøy og fascinerande).
Shutters on the Beach:
Viss du vil bu på Santa Monica er dette ein drøm av eit hotell. Dyrt, of course, men det kan i allefall vere verdt å ta turen innom for ein lunsj. Vi var der to ganga sist vi var der, eg kosa meg slik der. Det er noke med å vere nære sjøen.
The London Hotel:
Ligg i West Hollywood på Sunset. Veldig kult, med ein rå rakterrasse.
Ace Hotel Downtown:
Her har eg ikkje vore, men fekk tips om dette av ein kompis av meg. Downtown er eg heller ikkje mest kjent i, men det kan vere gøy å oppleve noke anna enn West Hollywood óg.
Beverly Hills Hotel:
Så fint, men steindyrt. Kan anbefale å ta ein lunsj her om ein ikkje heilt har budsjett til å bu (eg har aldri budd der, for å sei det slik). Eg bestilte ein überfresh salat der sist, og så satt eg på bordet attmed Jennifer Hudson. Tok bilde og greier :p
Sunset Marquis:
Hotellet opna i 1963 og sidan da har dette vore hotellet til x antall rockestjerner, supermodellar, skuespelarar osv. Her vil eg bu neste gang eg skal til Los Angeles (men da må eg spare litt først).
ANDRE TIPS:
-I Norge er det vanlig med 10% tips, men da blir det dårlig stemning i LA. 15% hjelper heller ikkje, mens 20% får eit anerkjennande nikk. Servitørane lever i stor grad av tipsen. Når det kjemme til valet parking (at noken parkera bilen for deg), så er det vanleg å tipse 2-3 dollar når dei køyre fram bilen.
– Ein gåtur i Runyon Canyon. Her kryr det av kjendisar, raringar, og selfiesticks. Ekstremt varmt midt på dagen, så det er smart å vere tidlig ute.
– Venice og Santa Monica er verdt å få med seg, men for min del holdt det i massevis å vere der ein dag. Litt mykje mas, men kjekt å sjå på alle galningane. Anbefala å vere tidlig ute (vi var der 11 på formiddagen). Parker gjerne på Santa Monica Pier.
NB: Noken av desse tipsa er fra eit gammalt ELLE, skrevet av Synnøve Skarbø, men dei aller fleste er mine eigne.