Av og til er det kjekt å bla gjennom bildebiblioteket på dataen, stoppe opp og sjå tilbake på alt ein har gjort og mimre over fine opplevelsa. Eg har hatt mange fotoshoots dei siste ti åra, og viss eg skal røpe ein liten hemmelighet- eg er ikkje kjempeglad i det. Koffor? Jo, fordi eg føle meg litt keitete framfor kamera (I kid you not!), men eg har blitt bedre, og eg plukka opp så mange tips eg kan på vegen. På shoota må gå inn i ein rolle, gløyme alt rundt meg og late litt som eg er ein modell. Det beste er dei shootane der eg kan smile og le, for det er eg ganske så god på. Stoneface derimot- veldig vanskelig!! Det er uansett alltid superspennande å sjå resultatet, og eg er stolt av mange av bildene som er tatt.
Eg har vore griseheldig som har fått jobba med mange av dei beste fotografane norge har å by på. Dei får det liksom alltid til å sjå fint ut, dei… Må jo vere mykje postproduksjon.
Bildene under er tatt for to år sidan av fotograf Stephen Butkus i forbindelse med singelrelease. Denne shooten syns eg var kjekk da eg er mykje meir glad i å vere ute på location enn inne i eit studio.
Svart/kvitt bilder er i mine auge alltid ein vinnar.
Foto: Stephen Butkus/ Styling: Nathalie Helgerud