This Hollywood night…

Akkurat komme heim fra noken turbodaga i LA. Ein av tinga eg gjorde der var å sjå American Idol finalen, to dagar med fantastisk underholdning. Så mykje større enn ein er vant til heime, selvfølgelig.

Ganske sprøtt må eg sei det var å vere backstage og rundt meg var Jennifer Lopez, Keith Urban, Harry Connick Jr, Nicole Kidman, Jamie Foxx, Steven Tyler, Ryan Seacrest, Chris Brown, Pitbull… Ei endelaus rekke med folk ein kun trudde ein kun skulle sjå på skjermen eller i ulike verdensmagasin. Eg syns jo slikt er fryktelig morsomt.unnamed-1

IMG_7115Dag to av finalen var det opptreden på opptreden av fantastiske musikarar. Chris Brown, Pitbull, Keith Urban, Steven Tyler, Jacksons, New Kids on the Block, Andy Grammer, JLo, latinostjernene Prince Royce og Ricky Martin, Echosmith, Michael McDonald, Fall Out Boy, Janelle Monáe.
IMG_7117

Vi var der som Simon Fuller sine gjester, og etter ein time på backstagen etter showet, blei vi køyrt i Simon sin smekre Bentley til Mozza (min favorittrestaurant i LA av alle ting), der vi var i eit chamber séparée med Jennifer Lopez, Keith Urban, Nicole Kidman, Ryan Seacrest og Simon Fuller- drakk litt champagne, knaska i oss litt småmat og fekk slått av ein liten prat. Ein riktig så fin og anleis kveld. Kan ikkje sei anna enn at Hollywood er hinsides gøy! Er ein i LA, så er ein i LA.