Vi er her, i den sprøaste byen eg noken gang har vore i. Las Vegas er som forventa- noke utenom det vanlige. Alt er gigastort, det er eit liv her som er så intenst, men utrulig fascinerandre og gøy. Eg har aldri opplevd makan.
Vi bur på herlige Aria, eit monsterhotell med alt ein kan tenke seg av fasilitetar og morsomme ting. I går fekk vi muligheten til å berre slappe av og kose oss rundt bassenget, lande litt og ta til oss omgivelsane. For min del blei det ein tidlig kveld da eg kjente på ekstremt lite søvn, jetlag og eit susete hove. I dag håpar eg å få med meg litt meir av det Vegas har å by på.
Om kort til er det duka for Poker-VM, noke eg gleda meg skikkelig til. Eg er fra ein familie som alltid har spelt mykje kort, og eg elska det. Då eg var liten hugsar eg at eg hang rundt bordet når pappa og ein gjeng med kompisar spelte poker. Dei spelte- og spelar fortsatt poker kvar søndag heile vinterhalvåret, og eg sto der så lenge eg fekk lov, berre såg på det spennande kortspelet, observerte og lærte. Så poker har eg kunna i mange, mange år, men det er først det siste året at eg sjølv har begynt å spele. Eg er ikkje så veldig god, men eg er ein relativt quick learner, og eg har plukka opp mange gode råd den siste tiden. Her i Vegas har nok dei aller fleste meir erfaring enn meg, så eg er spent på korleis dette skal gå. Motet er i allefall på topp. Markus meinte at eg måtte by på ein pose, så da posa mor da.
Her i Vegas er det faktor 50 som gjelder, vanvittig varmt- og sterk sol. Solhatt er eit must!!