In it to win it

Også satt eg der- med ein gjeng erkeamerikanarar, store menn med trailercapsa, tydelig erfarne pokerspelarar. Og meg da, eg som kun har spelt ein liveturnering tidlegare, riktig nok ein bra ein. Skulle likt å visst ke desse mannfolka tenkte da dei såg at det var eg som skulle sitte attmed dei. Viss eg skulle tippe; lett bytte.

Men som forrige gang så klamra eg meg fast, og enda litt til. Eg spelte faktisk sabla bra om eg får sei det sjølv. På eit punkt var eg chipleader på bordet til og med- heilt til eg synte ein all-in med AK (Ess og Kong). Tapte store dela av stacken min mot to damer. Drit.

Men jammen satt eg der fortsatt når klokka slo 03:30 i natt, egentlig gira på å gå all-in heile tiden, men dei gode korta dukka aldri opp. Det har eg lært, at i poker handla det mykje om å vere tolmodig og vente. Vente, vente, vente- slå til!

unnamed-1 unnamed-2No sitte eg litt skjelven her på morgonkvisten, for eg har kun fått tre timar med søvn. Myten om at ein søve ekstremt lite i Vegas stemme i allefall for min del. Lysvaken etter tre timar, det er ikkje slik eg vanlegvis rulla.

I ettermiddag starta dag 2 av pokerturneringen. Eg kjemme til å måtte spele agressivt. På den første gode hånda køyre eg alt på bordet, så får det briste eller bære. Poker for min del blir berre kjekkare og kjekkare, og eg blir bedre og bedre for kvar gang.

I sammarbeid med Betsson