Mex-food- fast

Slike gråe daga vil eg helst gli rett forbi, heile meg blir litt tyngre. Men for å sjå det positive med det så er det perfekt pakkevær. Ikkje det at eg har pakka så mykje i dag, for eg utsette og utsette, men i kveld smelle det, i kveld skal skap og hyller renskast.

Heile kåken e rotete, så noken lunsjmekking blei det ikkje heime i dag, når det er sagt er eg ikkje vond å be når det kjemme til å sette seg på ein kafé eller restaurant. I dag gjekk vi for sunn meksikansk fast food. Skikkelig godt, og enda bedre er det å vite at alle råvarene er sunne og kortreist. Her laga dei lefsene fra bunn, ein nydelig guacamole og Stange-kylling. Hurra for bra mat!! Eg gjekk for salatbollen med kylling, bønner, løk-og tomat, salsa, guaca og ost. Nam,nam! Plassen ligg på Frogner og heiter El Camino (dette er ikkje reklame, berre eit tips).
DSC04616Håpa alle fine lesarar har det fint, og at sommarfølelsen har begynt å melde seg. Eg gleda meg stort til å bli ferdig med flytting, til å berre nyte norsk sommar.

T.