Eg har vore slapp på treningsfronten i det siste. Skikkelig slapp faktisk. Har ikkje trent ein gang sida siste trening med PT tidlig i juni. Joda, eg går mykje, både tur og bære rundt på Billie, men musklane har blitt slappare den siste tiden- det skjer så fort. Heldigvis hugsar kroppen godt, og eg skal nok komme meg fort i form igjen. Ein skal ikkje gløyme at musklar er ferskvare.
I går tok eg meg ei lita økt på bryggekanten etter at Billie var i seng. Ingenting er deiligare enn å trene ute, spesielt med desse omgivelsane. Eg gleda meg til å komme inn i rutinene igjen. Eg vil jo ha ein sterk kropp! Denne øvelsen, «bjørnebøy», er ein av mine hat-øvelsar. Den ser så sabla enkel ut, men brenne som berre rakkaren i låra.
Denne elska eg! Så godt å få strekt skikkelig ut.
Desse øvelsane gjorde eg i går:
Knebøy- utfall- bjørnebøy- armhevingar-spensthopp- planke. Eg får begynne litt forsiktig, og utvide programmet etterkvart. Er du flink til å trene i ferien?
Sporty klem fra meg.