Surf´s up!

God morgen fra øya! Endelig var det bikinivær igjen i går, ikkje heilt varmerekord, men varmt nok til å sprade rundt i lite kle og ta seg eit bad i sjøen. Eg har ein småleiken kjæreste som helst vil finne på noke heile tiden, og han blir overlykkelig når eg blir med på ting; som for eksempel å leike med surfebrettet i vatnet. Eg syns det er gøy sjøl, men det er ikkje ofte eg ligge å plaska uti vatnet i Norge. Ein dupp er vanligvis nok, men i går var vi faktisk uti ganske lenge og hadde det kjekt.

DSC06390DSC06385Heile familien Foss var her i går, og det er så kjekt når mange er samla. Vi åt reker, fyrte på utepeisen og kosa oss. Eg var fornuftig å la meg relativt tidlig, og glad var eg for det da Billie vakna 04:30 med tidenes bæsjebleie, hehe. Mor var ganske trøtt i gluggane da, men heldigvis sovna Queen-B relativt fort att og sov til 8. Da er det greit.

Kaffien er inntatt og eg skal snart spenne på meg joggesko og gå den vanlige turen rundt øya med Billie. Håpa du kosa deg der du e.

T.
DSC06367Bikinien er fra Kiini .