I dag gjekk opningsshowet til Norway Cup av stabelen på Ekebergsletta. Eg har vore med på dette showet mange, mange gonger- og ikkje uten grunn, for dette er eit knakande gøy arrangement.
Eg hadde med meg Markus og Billie på lydprøven tidligare i dag. Eg syns det er kjekt når eg klara å kombinere familieliv med jobb, og eg trur dei syns det er kjekt óg. Billie sto på scena mens eg sang, eg holdt på å knekke av latter, verdens søtaste vetle tass som står og smile til mammaen sin mens ho synge. Eg smelta fullstendig.
Showet er no historie for min del. Bildene her e kun fra lydprøven, i morgo legge eg ut fleire fra sjølve showet der eg synge ein medley av tre gamle låtar, og eg har med meg ein aldri så liten gjesteartist óg.
No sitte heile familien på tre i bilen på veg til Sogndal, 8 dagar ferie heime hjå mamma og pappa, det skal bli godt kjenner eg.