Eg har vore uten kamera, uten data og uten oppdateringar dei siste dagane. Av og til er det godt å berre ta fri fra alt, men berre for ein kort, kort periode. Det som er fint å kjenne på er at eg savna bloggen, eg savna dikka lesarar når det går for lang tid- det er ein god ting.
Eg har hatt ei kjempefin helg, sommaren har flørta med oss desse dagane, ein nydelig følelse rett og slett.
Den kommande veka byr på mykje kjekt; jobbing i studio, eit par motefesta, spennande møter og selvfølgelig mykje kos på heimebane. Det er ein rar forandring no når Billie er i barnehagen; fra å ha fullt fokus på ho absolutt heile tiden, er det no tid for å ha fokus på seg sjølv att. Både godt og litt vemodig. Eg er eit følelsesmenneske, og syns ikkje alltid det er like lett å gi ho fra meg til barnehagen, dog så har eg sommarfugla i magen kvar gang eg henta ho, og det lykkelige smilet ho gir meg kvar dag gjer meg trygg og glad.
No er eg trøtt og sliten etter ei fornøyelig helg, eg blir ikkje gammal i kveld.
God klem til dikka alle.
T.Foto: Stephen Butkus