Det sitte fortsatt friskt i minnet, den dagen eg satte meg i bilen på veg til Bergen, sto time etter time i kø, da eg steig inn i auditionrommet. Eg hugsa spesielt godt at eg var knusktørr i munn og kaldsveitt, ekstremt nervøs var eg. Redselen for å ikkje gå videre var definitivt tilstades, sjølv om eg alltid har vore ein realist, og visste at sjansane ikkje var store.
Sangvalget, Summertime, hadde eg tenkt godt igjennom på forhånd, eg hadde øvd og øvd, og eg var så klar eg kunne bli. I ettertid skulle eg få høyre at det var det kjedeligaste sangvalget eg kunne tatt, at dommarane var møkklei denne sangen. Eg trudde eg valgte ein voksen, uforutsigbar kanonlåt.
Etter ein auditon eg ikkje hugsa anna av enn det eg har sett på tv i ettertid, gjekk eg altså videre med 3 ja. Tor Milde, som eg i ettertid skulle bli veldig glad i, stemte nei. Han hadde ikkje trua på denne 16 år gamle jentungen fra Sogndal. Eg skulle bevise for han at eg var verdt plassen.

Tenk at dette er 10 år sidan. 25 februar 2005 vart eg for første gang vist på skjermen (sett vekk ifra eit par lokale innslag på Vestlandsrevyen på NRK i ung barndom). 19.mai 2015 var det 10 år sidan eg sto på scena for eit fullstappa Oslo Spektrum og 1,475,000 sjåara på TV2. Når eg sitte å skrive dette får eg nesten klump i halsen og blaute auge. Di skulle visst kor takknemleg eg er for å få vere her eg er i dag.



Det hender faktisk at eg set meg ned å høyrer på den eine låta eg sang i finalen- Leave Right Now, Will Young. Når eg høyre jubelen i bakgrunnen, navnet mitt som blir skreke ut over Oslo Spektrum, da får eg ståpels og svake kne.


10 år har gått rasande fort, men eg har jammen fyllt åra med mykje fint og morro. Mi første plate fekk eg gi ut allerede samme år som Idol- 5 desember 2005 kom debutplata mi- Bliss. Eg var så stolt, mi heilt eiga plate!! Ting gjekk så bra at eg fekk lage ei plate nummer to- Sweet Fever, ei plate nummer 3- I Know, ei plate nummer 4- Cocool, ei samleplate og ei plate nummer 6- Di første jul.
Eg har for det meste hatt det fint sidan heile sirkuset starta, men det er ikkje til å stikke under ein stol at medaljen har nokre baksider. Aldri før hadde eg kjent på eit så stort press, ein slik oppmerksomheit, så mange meiningar. Ikkje alltid har dette vore like lett. Eg har fellt mine tårer, angra på utsagn, gøymt meg under dyna og stengt meg inne. Men eg har hatt- og har fine folk rundt meg, som bygger meg opp, som motiverar og støttar meg. Ikkje berre i min jobb treng ein det- alle treng slike folk rundt seg.
Eg blir såra av negative kommentara, eg blir såra av dårlig kritikk, eg blir såra av at ting ikkje går vegen. Eg er eit ekstremt følelsesmenneske, som har eit mål for auga; å spre positivitet rundt meg.
Når alt dette er sagt, så føler eg aller mest på alt det fine som har skjedd- og skjer rundt meg, og eg har vore heldig, virkelig heldig. Eg får drive med det eg elska mest, nemlig musikk, eg har nydelige folk rundt meg, eg har ein fantastisk kjæreste og eit vidunderlig barn. Eg kan ikkje be om stort meir.
Klem fra ei ydmyk jente, som takkar for at di tek dikka tid til meg.
T.