Variasjon i treningen; squash!

Det har blitt mange daga uten trening fordi eg ikkje har følt meg bra i kroppen, og eg kjente vel i dag at den framleis ikkje er heilt på topp. Eg er veldig glad i å spele squash, utruleg god trening, samt at det er superkjekt å kunne konkurrere litt. Eller, eg veit jo egentlig at Markus kunne knust meg når som helst, men han legge seg på nivå med meg. Eg spinge jo rompa av meg.

Gira blir eg i allefall, sveitten renne og eg blir forbanna når eg ikkje får det til! Vann faktisk første sett i dag, men det er vel mest fordi eg av og til treffe ballen litt feil, så den flyge i ein retning Markus ikkje kan forutsjå, altså flakseslag. Men av og til er eg god, av og til treffe eg noken skikkelig gode slag, det er deilig og tilfredsstillande.

DSC00021
Dette tryne lyge ikkje. Den ballen skal treffast hardt og presist #engasjert

Eg trenge variasjon i treningen, trenge av og til komme meg vekk fra det vanlige treningssenteret med møller og vekter, gjere noke som først om fremst er morro. Ta med deg kjæresten eller ein venn, spel og ha det gøy, samtidig som du får ei sjukt god intervalløkt.