Studio med super-Joakim.

I dag har eg jobba i studio med super-Joakim. Vi jobba på ein låt som eg trur og håpa kjemme til å bli veldig smud. Når ting skal sleppast er enda ikkje bestemt. Eg har det ikkje travelt- og eg lika aller best å jobbe slik, der ingen masa, men der ein jobba kun av overskudd og lyst.

OG- eg har kjøpt meg ny data, ein dyr jævel som svei i lommeboka, men som eg virkelig trengte. Ikkje berre data, men skjerm og full pakke. No skal eg ha skikkelig kontor «heime». Eg har fått låne det gamle skrivebordet til bestefaren til Markus, så no har eg min eigen vetle spot i huset til svigerfar. Det er stooor stas! Mitt neste prosjekt er å lære meg Lightroom (bilderedigering), men her trenge eg bistand, for eg er fullstendig blank på dette området. Så får vi sjå da, om det blir høgre kvalitet på bildene framover. Eg lova ingenting!
DSC00373I morgo skal eg ha ein artig photoshoot med ein spennande fotograf, gleda meg. Eg skal fortelle meir om det i morgo. DSC00387DSC00401