Julemat, gløgg, pepperkake, karamell, julemusikk, fine folk. Slik har min dag vore. Sjølv om det enda er ei stund til jul klarte eg å komme i skikkelig julestemning, og merkelig var det å komme ut etter ein ti timars lang dag og oppdage at det faktisk fortsatt er oktober. Vi har altså spelt inn eit adventsprogram i dag. Sjølvsagt får eg ikkje nemne korleis og med kem enda, men dette får di vite når det nærma seg.
Eg hadde på meg eit antrekk fra den fantastiske kolleksjonen til Balmain for HM, det er lenge sidan eg har følt meg så fjongensen altså. Eg ergra meg litt over at eg ikkje er heime den dagen kolleksjonen blir slept i butikk, for denne buksa og toppen MÅ eg ha. Og belte. Og skoa… Det beste av alt er jo at ein kan få desse klea til ein vettug penge.
Det pynta er no skifta ut med den tradisjonelle joggebuksa, sminken skal straks av, og eg skal lage meg to knekkebrød før eg slenge dei litt hovne beina på bordet. Egentlig skulle eg ønske eg var på Justin Bieber konsert i kveld, men eg, som ekstremt mange andre, fekk ikkje billett til kveldens sjeldne show. Skal garantert sjå det på tv iallfall, eg har nemlig blitt litt Justin-fan.
Antrekk lånt av HM, men ikkje betalt.