Happy to be home

Heime hos mamma og pappa, og det er som alltid fantastisk godt. Det har nesten blitt tradisjon at når vi kjemme fram etter ein relativt lang biltur, har mamma laga grønnsakssuppe, heimelaga knekkebrød og i dag drog ho på med ei eplekake i tillegg- selvfølgelig med sjølvplukka epler fra planteskulen vår.

Godt er det óg å få ekstra mykje hjelp med Billie. Mamma rer alltid opp seng til Billie på loftet der dei søve, slik at eg kan ligge på jenterommet mitt i kjellaren- uforstyrra- og sove til eg vakna på morgonen. Luksus! Her heime får eg virkelig henta meg litt inn på søvnfronten.IMG_5856
Ein rolig tv-kveld i vente med mamma, pappa og Tale- slik som i «gamledagar». Sjeldent og veldig fint.

Eg er forresten nominert til «årets blogger» hjå Se & Hør, så om du no skulle like denne bloggen min så kan du jo alltids slenge inn ei litta stemme her!
IMG_5905IMG_5967Foto: Aleksander With/ Instagram: John A. Hudson 

Hår/Makeup: AG Starheim

Fuskepels og skinnbukser: Balmain for H&M (lånt, ikkje sponsa)