Fra ein koffert til ein anna, boblejakke er bytta ut med lette sommarplagg, i morgo flyge eg til Malta- igjen. Så no er det forbaska pakkestyret her igjen. Å pakke til Sogndals-tur er verdens lettaste ting, der trenge eg ikkje stort, men denne turen eg skal på no… Å kjære, eg brekke meg nesten. Skulle ønske eg hadde ein person som bestemte for meg; dette skal du ha på deg! Og eg veit, det har ingenting å bety, men eg hata det. Dessuten finne eg ingenting i dette klekaoset mitt. Ekje spøk å bu i eit flyttelass. Godt eg har Markus som kan hjelpe meg og sei ja eller nei der eg går modell i kjellaren vår.
Turen heim fra Sogndal gjekk fint, det var så nydelig vakkert i dag. Spesielt fint var det å sjå utover fjorden på turen over med ferja. Eg skjønna jo at eg oppvokst på ein fin plass. Dette skjønte eg aldri da eg var mindre, ein klara kanskje ikkje heilt å sette pris på det når ein midt oppi det, når det alltid er der. No sette eg virkelig pris på det. Har kanskje noke med alderen å gjere óg, når naturen er noken ein verdsette, ja da har ein jammen blitt voksen.
Kamera og mac´en er med til Malta, så vi sjåast snart! No skal eg skrubbe av gammal bleik hud, vaske håret og gjere meg klar for avreise i morgotidlig. Markus er selvfølgelig ferdigpakka, han gjer det på 15 minutt. Misunnelig!
Jakke: Colmar (spons)