I morgo er det 1.desember og juletiden er for alvor i gang! Eg fryda meg, eg elska jo jula. I fjor laga eg ei juleplate som eg kalte «Di første jul», den vart laga mykje med tanke på Billie og det at eg ville lage ei plate med mine julefavorittar som ho óg kanskje på sikt skal bli glad i. Også er det noke spesielt med den første jula når ein har fått barn, alt blir litt meir følsomt og fint.
Det er stas å ta plata fram att no, det er jo slik med julemusikk, ein skal gå litt lei på slutten, men så er det fantastisk hyggelig å ta fram att dei låtane som etterkvart har blitt tradisjon. Mi plate har neppe rukke å blitt tradisjon for noken enda, men for visse kan den kanskje bli. Det gjer med iallfall vanvittig glad når folk fortelle meg at dei høyrer på låtane mine, at for dei skapar det god julestemning. Det er alt eg vil.
Billie skal snart oppleve si andre jul, og det skal bli fint. Eg skal gjere så godt eg kan for at ho kjemme til å symbolisera jula med noke skikkelig godt, slik som eg sjølv hugsar det fra eg var liten. Tradisjonane skal skapast allerede i ung alder og det er ikkje så alt for mykje som skal til; pepperkakebaking, juletre, julemusikk, kalendar, nisse, adventslys. Eg er spent på korleis reaksjonar ho vil få i år, no som ho forstår bittelitt meir.
Juleplata mi finn du på iTunes, Spotify, Wimp og ellers der du måtte lytte til musikk. God førjulstid folkens. La dette bli ein herleg månad.
FOTO: Truls Qvale (fra juleplata mi «Di første jul»)