Eg har mange juletradisjonar, her er noken av dei:
- 1.desember pyntar eg heimen min, da skal juletreet opp, dette mest fordi eg ikkje feirar sjølve jula heime hjå meg sjølv, og derfor vil eg nyte mitt eige tre før eg reiser heim til Sogndal eller der eg måtte feire jul.
- Sender ut julekort til familie og venner. Dette har blitt ein ny tradisjon etter eg blei mamma for vetle Billie.
- Pepperkakebaking, for meg eit barndomsminne som må bli ivaretatt, spesielt sidan Billie har fått augene opp for kjeks og kaker.
- Adventsstake. Kvar søndag i advent skal det tennast eit nytt lys. Eg er i utgangspunktet svak for levande lys, så dette er ekstra hyggelig.
- Julehandel. Eg skriv lister over kem som skal få gaver og ke dei skal få, dette gjer det lettare når eg vender snuten mot butikkane. Eg er desverre dårlig på heimelaga ting, men kvar ein gave er nøye gjennomtenkt, dette gjer det óg meir økonomisk.
- Julemusikk blir spelt fra 1.desember. Mine favorittar er Bugge Wesseltoft si plate «It´s snowing on my piano», Garness si «Barnet i Krybben», Kurt Nilsen si «Have Yourslef A Merry Little Christmas», Rita Eriksen si «Velkommen inn» og Ingebjørg Bratland sin låt «Klokkene Kallar». Og selvfølgelig ein gjeng med amerikanske juletonar.
- Julebord. Dette er litt nytt for meg og eg har ikkje mange. Skulle eg hatt julebord med mitt firma ville det blitt med pappa, meg og reknskapsførar- ville sikkert vore hyggelig det, men står over. Heldigvis har eg ein fantastisk jentegjeng som har laga ein finfin julebordstradisjon. I tillegg har vi alltid julelunsj med gjengen i Eccentric Music.
- Gløgg. Eg må ha gløgg!
- Juleverkstad. Eg har ei venninne som kvart år arrangera verkstad, kor mykje som blir laga der er litt uvesentlig, men kjekt er det. Der et vi graut og høyrer selvfølgelig på julemusikk!
- Vetlejulafta. Da kribla det i magen, nesten like mykje som da eg var liten. Eg elska denne følelsen, at det nærma seg den store dagen. Fra mange år tilbake har eg vore hos venninna mi, Ina, i Sogndal denne kvelden. Vi et sjølvskoten hjortegryte (av pappan til Ina), ser på Kvelden før Kvelden og tek oss ein kosepjolter.
- Julafta! På meg pysj eller joggedress. På morgonen skal det deigast i sofaen med tegnefilm og Tre Nøtter Til Askepott før vi set oss til bords for å ete graut med rosiner, spekemat, smør, sukker og kanel- og selvfølgelig mandel. Premien er marsipangris- som eg aldri har likt- men det betyr ingenting, like stas å vinne kvar gang!
Pappa spelar alltid med Sogndal Musikklag i kyrkja og vi har pleid å ta med besta dit for å høyre på. For meg er dette starten på jula. Når vi så kjem heim etter gudstjenesten er juledukane på, bordet er dekka, lysa er tent og det luktar pinnekjøtt i heile huset! O, for ein lykke! Mamma har litt sveitteperler i panna, men kort tid etter er finstasen på og ho kan endelig slappe av. Eg syns det er så fint å sjå heile familien pent pynta, at kvardagsklea er bytta ut med kjole og dress, og at vi gjer skikkelig stas på denne fine kvelden.
Pinnekjøtt og multekrem til dessert. Eg klarar nesten ikkje å vente med å bli ferdig, for eg gledar meg slik til gaveopning, nesten mest til at folk skal opne gavene fra meg. Eg blir eit barn denne kvelden. Eg er pakkesjef!
- 1.juledag, det einaste som står på agendaen da er ein gigafrokost, ein frokost som skal vare og vare. Det er fint, rolig og utrulig godt. Resten av jula skal kun vere god og avslappande med sofakos og juleselskap.
Bildene er tatt av Truls Qvale for Se&Hør jula 2014.