Studio & friends

For noken daga sida var eg i studio, og der var det jammen mykje fine folk. Mine to Eccentric-søstre, Alexandra og Adelen, samt at Nico&Vinz var innom for å jobbe med Thomas Eriksen. Det er klart det blir god stemning da!
Eg var der i forbindelse med «Tones jul» som i år igjen skal gå på TV2, berre at vi har laga ein oppdatert versjon av programmet der innholdet mellom låtane er nytt og aktuelt. I fjor da vi spelte inn var eg relativt nybakt mamma og Billie berre ein liten tass, ting forandra seg mykje på eit år. Dette gledar eg meg til å vise fram.
I studio har eg ein miniopptreden for blant anna desse to vakre jentene. Herrefred så fine dei er- og ikkje minst begava på mange områder. Hadde eg berre kunna danse som desse to. Ekje mykje latino i denne skrotten her, sjølv om eg jo kan briefe med ein 3.plass i Skal Vi Danse (for mange herrens år sidan).
«Tones jul» går på TV2 tirsdag 15.desember kl 20:00.
DSC01308DSC01310DSC01312Og her er sjefen sjølv da, han som får alt til å gå rundt, han som eg er så glad i.