Dette året som har gått har vore fylt av ekstremt mykje kjekt. Ikkje minst starta eg denne bloggen som har vore spennande, lærerik, krevande, men først og fremst morro. Takk for alle som følge meg, som gidda å lese om livet mitt og det eg drive med. Eg gleda meg til eit nytt bloggår, og eg lova å ta dikka med på ei spennande reise. Her kjemme ein oppsummering av 2015.
I februar reiste Billie, Markus og meg til Florida med eit vennepar av oss. Her kosa vi oss i tre herlige veker- dette var på sett og vis min mammapermisjon.
Så forlot vi Florida til fordel for Los Angeles. Tre nye veker sto for tur. Denne lange ferien er nok ein av dei tinga eg vil hugse best fra 2015. Ein ferie som sitter godt i minnet.


Dette året skulle bli starten på min pokerkarriere. Eg spelte turneringar i Dublin, Las Vegas, Barcelona, Malta og Norge. Jammen kom eg i penga i mine to første event, det hadde eg aldri trudd.
Dette er fra 27 årsdagen min på balkongen i den gamle leiligheten på Frogner.
Eg fekk meg enda ein tur til Los Angeles. Her var eg blant anna på American Idol finalen der eg møtte JLo, Keith Urban, Harry Connick Jr, Nicole Kidman, Jamie Foxx, Steven Tyler, Ryan Seacrest og mange fleir. Veldig, veldig gøy!
Fra min «heim» i LA, Mondrian Hotel.
Markus og meg solgte leiligheten på Frogner.
Las Vegas var ein heilt rå opplevelse. Slitsom, men sjukt artig by. Gleda meg til å reise dit igjen i 2016.
Søndagstur på Frogner er noke av det koseligaste eg kan tenke meg, spesielt i solskinn. Vi hadde fast søndagspizza på Enoteca i Bygdøy Allé- og ein pils.
Sommarfesten til ELLE er alltid ein av årets beste festa, og denne var intet unntak.
Sommaren på Gåsøy er nydelig. Her er vi så heldige å ha hytte, og tilbringe store delar av sommaren med Markus sin familie.
Eg hadde mange fotosessions i 2015 og som alltid er supersminketøsa mi, AG, med meg.
Vi kjøpte oss hus på Blommenholm! Vi er fortsatt i planleggingsfasen, men eg gledar meg enormt til det står ferdig! Her skal vi få det fint!
Vi var på besøk hos våre gode venner Millie og Paal på Hvasser. Elska å vere der!
Sommaren er best i Norge! Her er eg på Gåsøya.
Pina Colada er fortsatt min favorittdrink.
Eg var gjest på God Sommer Norge på TV2, sjølv om ein skulle tru det var eit påskeshow med tanke på mitt antrekk og sofaen. Fulltreffar!
Eg sang på Norway Cup sitt opningsshow og hadde med meg Billie og Markus på lydprøven.
Her er eg i bryllup til ei av mine beste venninner, Ina- selvfølgelig i mine heimtrakter! Denne kjolen var ein av mine beste kjøp i 2015, den er fra Zimmerman og eg kjøpte den i LA.
Allsand på Grenser ilag meg to flotte damer; Kathrine Moholt og Wenche Myhre. Her sang eg ein cover av Veronica Maggio- Jag Kommer, eller på mi dialekt; Eg kjemme. Eg var covergirl på Costume.
Eg jåla meg litteranne på Gevir i 2015. Denne kjolen var eit kupp om eg får sei det sjøl. Det beste er når ein finn rimelige kle. Denne fra H&M.
Jentekveldar skal eg ha enda meir av i 2016, viktig for kropp og sjel. Her er eg med ein kremgjeng; Milli, Anniken og Maja.
NEW YORK!!! Her var eg på bloggjobb ilag meg Alexa Chung. Veeeeldig kjekk og kjapp tur til ein av verdens kulasta byar.
Eg fann meg enda ein favoritt fra Zimmerman i NY. Skulle tru eg var sponsa, men det er eg altså ikkje- berre veldig fan av merket. Eg var med på Tusvik & Tønne Talkshow, noke som eg syns var veldig gøy!
Vi var i bryllup i Italia- heeeilt fantastisk vakkert!Ein av mine outfits i 2015.
Eg har jobba i studio i 2015, og gledar meg til neste år da musikken skal vere enda meir i fokus. No begynna kropp og sjel å bli klar igjen etter lang tid som fulltidsmamma.
«Hjem til jul» på TV3 i sammarbeid med Flyktninghjelpen. Det var eit flott program å vere med på.
Vi var to turar til Malta, første gang med Billie, andre gang uten- da var det pokertur.


Aleksander With tok bilder av meg. Denne gutten kan meir enn berre å synge gitt.
Markus og meg på Kjendisgallaen.
Eg blei tante til verdens søtaste lille gutt, Johan!
Eg gjorde mange tv-show denne jula. Her er eg på TV2 sitt program «Lille julaften». Eg sang óg duett med Isac Elliot på «Håp i ei gryte».
Julebordsesongen er alltid kjekk. Her med ein fin blogg-gjeng hos Hedda.
Ikkje berre er vi midt i eit stort husprosjekt. Vi bygger óg hytte i Sogndal!
Så var det jul! Eg er heldig som har ein så fin familie og har det såg godt. Det var fint å feire jul heime i Sogndal denne jula.
Takk for eit fint år med dikka lesarar! Eg ønsker alle eit godt nytt år, måtte det by på mykje godt. I love you all!
Tone.