Min nye treningspartner!

 

I går gjekk eg til innkjøp av noke eg har ønska meg så lenge, 10 år minst. Dette er ingen billig ting å kjøpe, men etter å ha vurdert det vel og lenge bestemte eg meg for at ei tredemølle er noke eg har fortjent. Eg veit jo at den ikkje blir ståande å støve ned- for eg elska denne formen for trening. Eg er ein av dei som likar bedre å springe/gå på mølla framfor ute. På mølla har eg så god kontroll- hastighet og tid, det likar eg.

Så no har eg flytta inn på boden til svigerfar, eg kan ikkje lenger skylde på den tunge dørstokkmila, no kan eg når som helst ta meg ei treningsøkt.

Korleis eg bukar mølla? 

  • Eg er spring ein god del intervallar, det er effektivt og tiden går så fort, det er eksplosivt og hardt- eg digga det. Favoritten er 45 sekund på/ 15 sekund pause x 20.
  • Ein times kjapp gange (ca. 6,2 km/t) med incline 6 (stigning. Dette er for meg ein komfortabel og god start på dagen. Eg går gjerne før frokost, kun med eit glas vatn og ein kopp kaffi i kroppen. Eg går med pulsbelte for å passe på at eg helde meg mellom 125 og 135 i puls. Dette er eit såpass fint tempo at eg kan lese magasin på paden eller sjå på tv.
    DSC02471DSC02546Eg har kjøpt Sportsmaster Club T300, veldig stødig og god mølle som ikkje er langt unna treningsstudio-nivå.