Blåmandag… I dag har ting gått litt trått. Billie har vore heime fra barnehagen grunna sjukdom, eller egentlig er ho frisk, men det skal gå så og så lenge før dei får gå i barnehagen att etter sjukdom. Det vil da altså sei at det har vore ein dag full av krutt fra hennas side, ikkje fullt så mykje fra mi side da eg har vore latterlig trøtt i dag. Kanskje ikkje så rart i og med at ho vekte meg klokka 5, og mor trenge fleire timar på auge enn som så!
I tillegg har eg vore så frustrert da klokka mi plutselig var sporlaus forsvunne- og vi har leita i kvar krik og krok, oppi alle sko, vesker, posar… Til slutt tok Markus turen ut i søppelkassa, og trur du ikkje at den låg der- på botn av ein søppelpose omringa av mykje drit. For ein lettelse, og for ein flaks. Godt ikkje søppelbilen var her i dag!
Det har altså vore ein litt tung og langsom dag, men i morgo blir det forhåpentligvis andre bollar. Da skal eg starte dagen med ein forrykande treningstime og sunn frokost med mange fine jenter. Det gledar eg meg til. Hadde egentlig planar om ein tur på mølla i kveld, men eg kjenner at sofaen kler meg bedre akkurat i dag.
Belte: Isabel Marant/ Skjorte: Isabel Marant/ Sauepels: Ravn/ Bukse: APC/ Sko: Timberland