Friday, lunch & friends.

I dag var eg på ein aldri så liten jobblunsj med noken herlige tøtter; Marna aka Komikerfrue, Aylar og Hedda. Utifra bildene skulle ein tru vi ikkje gjorde anna enn å ta bilder av oss sjølv og kvarandre, men tru det eller ei- det var berre ein liten del av tiden vi var der. Vi måtte jo dokumentere.
DSC04437 DSC04456 DSC04461 DSC04466
Etter ei ganske heftig veke med sjukdom både på meg og Billie skal det bli godt med ei barnefri helg, ho er vel plassert hjå superfarmor. Markus og meg har i kveld spelt pokerturnering, med meg gjekk det tidlig åt skogen, mens gutten fortsatt henge med. Heilt ok om han skulle komme heim med litt kron da vi skal ut å svinge oss i morgo. Det føles ut som ein evighet sidan sist eg var på party, så no gledar mor seg fryktelig til å få igang rockefoten.
Huden er rensa, leggane er ribba for pels og eg skal no lukke augene og NYTE ei HEIL natt med søvn. Hashtag etterlengta.
God helg da, folkens! Har eg sagt at eg likar at di lese bloggen min? For det gjer eg, virkelig…
Tone