Skjegg, eg syns det er råsexy. Rettelse; det KAN vere råsexy om det er gjort fint og riktig. Markus har i det siste hatt mykje skjegg, og eg må sei at det kanskje har gått litt over stokk og stein, for det kan bli for mykje av det gode. Han er egentlig veldig flink til å stelle med det sjølv, men det er vanskelig å få det så strøkent som det burde vere, derfor diggar eg når har går til barberaren.
Å gå til ein barberar høyres litt gammaldags ut, men veit du, dette er ein liten luksus menn kan unne seg, dei med hår i ansiktet naturligvis. Markus har gått mange gonger før, men no på fredag blei eg med han for å vere vitne til denne behandlingen som han har skrytt så voldsomt av. No skjønnar koffor han skryte, for makan til pleie og nøysomhet har eg da sjeldent sett.
Eg veit at eg nok har mest kvinnelige lesarar på bloggen min, men eg tenkte å skrive om dette som eit lite gavetips til kjæresten din, vennen din eller kanskje pappaen din. Behandlingen er slett ikkje dyr, Markus betalte 300 kroner, og det er da ein fin sum for ein bursdagsgave for eksempel. Bilde av Markus er tatt før barbering, han blei omlag 2 cm kortare etter behandlingen. Strøkent!