Spring love

Når eg vakna opp til ein slik vakker dag, sjølv om klokka var 05:00 da grisen hylte, så får eg ein vanvittig lykkefølelse inni meg. Viten om at årets første tur til Gåsøya venta gjorde ikkje ting verre. Vi tok ein tur til Frogner før avreise for å kjøpe inn klesstativ til bakgårdssalget på søndag, vi handla inn reker og skagensalat på Fjelberg og måtte stoppe ved desse kirsebærtrea for å ta bilder av den fantastiske vårblomstringa. Om eg er 80 år?! Nei da, sjølv ein 28-åring kan bli glad av slikt.

Vi har no hatt ein nydelig ettermiddag på øya, grilla pølser, knekt ein pils kvar og Billie har bada i ein balje ute- ho er strålande fornøgd her.

Sjefen er no i seng og eg gleda meg til å kvile kroppen i ein stol ute i kveldssola, ete reker og etterkvar fyre i peisen. God helg, seie berre eg.

Har du noken hyggelige planar for helga? Kanskje komme å helse på meg på bakgårdssalget på søndag?? JAA!!
DSC07996 DSC08022