Vi har pakka oss ut av hytta for denne gang, og er no tilbake til kvardagen. I dag har eg blant anna tatt fram bunadane til mor, far og barn, må alltid gå over dei før 17.mai (Markus er mester i å miste ein knapp eller to). Så no skal sølvet pussast, svarte strømpebukser er kjøpt inn og skjortene er vaska. Eg gleda meg til at Billie og meg har lik Sognebunad i år. Svigermor har vore heilt rå og sydd til vetlemor, mens eg fekk sydd min i Sogndal i fjor. Stor stas, eg elska å gå i bunad!
I år skal eg faktisk «pimpe» den opp med noke som ikkje egentlig høyrer heime på ein Sognebunad, men eg føler at alt er lov no for tiden. Det er så mange flotte drakter der ute som er laga av lyst og fantasi, det syns eg er kjempegøy- som for eksempel Janka Polliani sin- smellvakker!
I dag tok eg fram sekken min som eg kjøpte for tre år sidan i Miami. Eg diggar sekk, burde egentlig gå meir med det. Markus syns eg såg ut som ein student på veg til forelesning. Sjølv om det er ekstremt langt unna virkelighetene- likte eg tanken, så i dag har eg gått rundt og følt meg som ei skulejente. Mangla berre bøkene og kalkulatoren…
Kjole & belte: Isabel Marant/ Sunnies: Celiné/ Sko: Les Deux Sekk: Alexander Wang