Hurra for Norge!

Hurra for 17.mai!! Dette er ein av dei beste dagane i året, spør du meg. Eg elskar å få på bunaden, det er få dagar i året eg føler meg så fin som akkurat denne dagen.

Eg starta dagen tidlig, før Billie våkna, slik at eg kunne bruke tid på badet i fred og ro før huset vakna til liv. I utgangspunktet ville eg hatt ei feit og rufsete 17.mai-flette, men i og med at eg er skikkelig dårlig på nettopp dette måtte eg ty til krølltanga og utslått hår. Funka det óg.

Eg fiksa så frokost til den vetle familien min; røykelaks, parmaskinke, eggerøre, jordbær og Ringi- ikkje den gode gamle champagnefrokosten altså, men vel så hyggelig. Billie var supergira, spesielt stas med flagg og is.
DSC08714DSC08712Vi var innom Høvik Skole der mammaen til Markus jobba, samt at niesa hans går der i 1.klasse. Vi syns det var kjekt at Billie fekk høyre koret synge og korpset spele, samt oppleve folkemengden og stemningen.

Etter dette køyrte vi til Røa der Tale & Jens hadde fest. Mamma var kommen fra Sogndal for å hjelpe til med mat og barn, snille ho. Ein skikkelig hyggelig dag med masse fine og festglade folk. Topp stemning og fantastisk vær- dagen kunne vel strengt tatt ikkje blitt bedre.
DSC08773DSC08730 DSC08782 DSC08820 DSC08858Fine Kathrine og Alba.DSC08870Billie gir klem til kompisen sin, Gunnar.DSC09018 (1)I dag er eg litt sliten, det tar på å feire, men det er så til dei grader verdt det. Gleda meg allerede til neste år!!

Hipp hipp hurra!