Slik kan altså min kontordag sjå ut. Finne meg ein koselig plass med Wifi, god mat og kaffi. I dag hadde eg eit møte samt at eg fekk unna mail og diverse andre kontorgreier. Godt å berre komme seg ut fra huset, eg blir meir produktiv da.
Eg gjorde eit forsøk på å føne håret glatt i morges, men måtte berre gi opp da eg aldri har med meg paraply og håret mitt såg ut som ein blaut puddel etter kort tid. I tillegg er eg så steike trøtt i dag, værsjuk- sånn er eg berre. Håpar på at sola skal melde sin ankomst att snart. Livet blir litt lysare da, og kroppen sprudla meir av energi.
Sett vekk ifra trøttheit og stygt hår er livet fint, altså! Skulle ønske det var ny SKAM episode som eg kunne kose meg med i kveld, men den gang ei. Nuvel, vi har Billions da, funka fint det óg : )
Nydelig salat på Kolonihagen; røykelaks med cottage chesse og sennep. NAM!