Rise and shine. Ein ny dag i Las Vegas venta, og eg er straks klar for å legge meg i vannrett posisjon på solsenga. Det blir kun noken få timar i sola i dag, for i ettermiddag er det sjanse nummer to på pokeren. Eg håpar det går bedre denne gangen, at eg skal sitte lenger enn i ein stusselig time. Kryssa alt eg har for at flyten er med meg, og at eg klarar å spele godt.
Det er deilig å sjå sommarbilder fra Norge desse dagane óg, ser jo heilt magisk ut. Håpar det varar til vi kjemme heim, slik at vi óg får sjå og oppleve Norge fra si aller beste side. Måtte dei neste månadane bli akkurat som no.
Kos dikka i varmen.
Tone.