The Weekend

Ikkje meiningen å vere vekke fra bloggen så lenge, men eg har rett og slett gløymt kameraet mitt på hytta der vi hadde familie-fest med Foss-klanen på lørdag.

Det har vore noken kjekke daga. På fredag var det Holzweiler sin sommarfest på Lysaker Brygge (bildene er fra før festen), skikkelig hyggelig med grilling og fine folk.

I går var det strålande sol, vi var på Røa hos søster der vi bada med barna, grilla og hoppa på trampoline. Etter at dei minste var i loppekassen satte vi oss ute med eit glas vin og sushi, og slik fortsatte det. Dei uforutsette kveldane er dei aller beste.

I dag har eg vore i studio, er i gang med øving til Allsang på Grenser som er neste veke. Eg skal gjere eit nummer der som er ganske langt fra alt anna eg har gjort, så det trengs mange dagar og timar med øving. Trur det blir sabla gøy.

Klokka er berre 19, men det blir ikkje lenge til eg skal traske ned til senga, eg trenge ei lang natt med søvn.

DSC00242