Eg har visst virkelig kobla heilt av den siste veka, å vere her heime i Sogndal er avslappande og godt. Utenom at eg har øvd litt kvar dag til Allsang på Grensen som er denne veka, har eg lagt vekk alt av arbeid. Vi er jo tross alt på sommarferie, så det får vere greit.
Både Tale og meg har vore her denne helga med våre kjære og to små, det har vore skikkelig fint. Vi har grilla, fyrt i peisen ute, drukke vin og i går kveld spelte vi poker heile familien. Quality time. Billie har blitt dulla med av mormor og morfar, ho kosa seg verre her, noke eg skjønna godt.
I morgo fyke Markus og meg til Oslo att, så er vi tilbake i verdens beste bygd allerede torsdag. Billie blir verande her mens mor skal showe på grensen.
No skal eg mekke sunn pizza med blomkål-bunn, blir den bra skal eg dele den med dikka. Tiden vil vise.
Ha ein deilig mandagskveld. Takk for at di lese bloggen min.
Tone