Været var for schizofrent i går til at vi stakk ut på øya, så istaden reiste vi inn til byn og trakka gatelangs på Karl Johan, turistar i eigen by. Vi åt is, lunsj og kosa oss glugg. Det er deilig å ha Billie heime fra barnehagen, og eg trur ho kosar seg med sommarfeire. Ingen stressa mamma eller pappa som skal rekke ting.
Foruten om dette har eg vaska ørten maskiner med skitne kle fra forrige tur, og er snart klar for å pakke koffertane på ny. Blir jo aldri lei av å pakke… Verste eg veit. Er så sabla mykje å hugse på, spesielt når ein pakkar for to. Ja, Markus får pakke sjølv:p Bunadsskjortene heng no klare til alle tre, og eg trur eg har grei kontroll før avreise på fredag. Blir nesten litt rart å ha på bunad midt på sommaren, men eg gleda meg alltid til å få på stakken- ingen antrekk eg føler meg SÅ fin i.
Denne jumpsuit´en fra Zimmermann kjøpte eg på nettet i vår, og har venta på ein anledning der eg kunne bruke den, men i dag gadd eg ikkje vente lenger. Den er for nice til å la henge ubrukt i skapet. Skal nok finne mange anledningar i framtiden der eg kan ha den på óg. Zimmermann er ein av mine favorittmerker, og veit du; i morgo får eg ein ny leveranse på døra fra samma merket. Julafta midt på sommaren!!
Hei og hå.
I love you!