Vi er på ferie på Bømlo, og det er så fantastisk vakkert her. Vi bur i Tale og Jens sitt naust som opplagt har vatn rett utanfor døra, aldeles magisk. Eg har kanskje lengta til sol, varme, solseng og tan den siste tiden, men dei tankane har brått forsvunne desse dagane. Eg elskar ferie i Norge!
Mens Billie no ligge oppe i senga si for ein liten formiddagskvil, har eg opna boka til Petter Stordalen, » Jeg skal fortelle deg min hemmelighet», ei bok eg har gleda meg til å lese. Eg merka allerede at dette er ei bok eg likar og ei bok som inspirerar fra første stund. Ikkje det at eg har store ambisjonar og å bli styrtrik, men han har mange gode poeng. Eg er fan av Petter. Og Gunhild.
Jonas Forsang som har skrive boka gjorde forresten portrettintervju med meg i Costume for mange år sidan- uten sammenligning forøvrig- men han har etter min meining ein knallgod penn.Freden er snart over her på naustet, Billie skal straks stå opp og da er det full rulle att. Ho har verdens største smil om munnen desse dagane, springe rundt og leika med dei eldre søskenbarna sine. Det er så kjekt å sjå.
Tone