Klokka er 06:00, eg har allerede vore vaken i ein time, mens Billie fortsatt ligge i reisesenga si. Det skjer så og sei aldri at eg er vaken før ho, til vanlig vil eg slite med å stå opp når eg høyrer ho på babycallen. Enten er eg berre utkvilt, eller så er det denne lyse morgonen som gjer det. Det er vindstille og vakker ute- og eg er enn så lenge heilt aleine.
Bloggen har fått kjenne på det å ha ferie, og når eg no skulle gå gjennom bildebiblioteket for å sjå om det var noke bloggbart, oppdaga eg at det nesten ikkje finns bilder av meg sjølv- omtrent berre Billie og av oss som familie. Eg blei glad av å sjå det, at fokuset ikkje har vore sminke, antrekk og poseringar. Berre avslappande, usminka og det som betyr noke.
Vi er i desse dagar på Gåsøya, været er med oss og det er fantastisk deilig. Vi kosar oss verre, berre oss tre. Før ferien er over skal vi til Hankø og Hvasser, etter det ventar kvardagen med jobb, barnehage og forhåpentligvis framgang på husprosjektet. Eg kjenner eg gledar meg til det óg, kvardagen er alltid fin, syns eg.