DATE NIGHT

I går rundt klokka 19 spente vi fast Billie i bilsete og vinka adjø. Ho blei med mamma og pappa på spontanferie til Sogndal, ho var heilt i hundre over å skulle vere med mormor og morfar i noken dagar. Det er stas med besteforeldre, skjønnar jo det- for morfar gir ho gjerne is til frokost og masar ikkje så voldsomt med brødskiva som eg gjer. Og mormor dulla med ho fra morgen til kveld.

Så da sto eg og Markus att, barnlause og undra på ke vi skulle gjere. I ein heil månad har vi feriert med Billie, og med viten om at ho vaknar i otta, har kveldane gjerne blitt deretter. Vi bestemte oss derfor for å stikke til byn på date. Vi endte på «Tranen» på Alexander Kiellands plass, ein ny stad for oss begge to. Pizzaen var som ryktet sa- heilt nydelig! Vi drakk øl, vin- og smilte fra øyre til øyre. Eg elskar å vere på date med kjæresten min, såkalla kvalitetstid.

Som oftast når vi har barnevakt er det noke vi skal, enten om det er jobb, reise eller ein eller anna fest vi er invitert til. Denne gangen har vi INGEN plan, og det er ganske så sprøtt. I dag sov eg til klokka 12!! DSC02453 DSC02457Di har kanskje sett dette blomsterprintet på meg ein del i sommar, det er rett og slett fordi eg helst vil gå med det kvar einaste dag da eg elskar printet. Flaks at eg har både bluse, singlet og shorts med printet på, slik at eg kan variere bruken av det. 

Buksa kjøpte eg i går på Høyer Eger, ein ny favoritt fra RE/DONE- gammal Levis bukse som er sydd om. Skal sjå at den dukkar opp fleire gongen på bloggen framover óg. Ny favoritt!
DSC02469No skal treningstightsen på, har ikkje rørt treningsklea heile sommaren, så eg kjenner at det er dags. Skal riktig nok berre gå på tur, men gledar meg til følelsen av å vere litt sprek igjen. Det har vore ein lat, men GOD sommar (i den grad ein er lat som småbarnsforeldre…)

Antrekk: Jeans: RE/DONE/ Singlet: Gestuz/ Gensar: Holzweiler/ Veske: Gucci/ Sko: Stella McCartney