SHINE

Fredagen kom sabla fort i denne veka, men det er jo ingen dårlig greie, fredag vil for alltid vere den beste dagen i veka. Eg fekk servert smoothie på senga etter at Markus hadde køyrt QueenB i bananhagen. Slettes ingen dårlig start på ein ellers overskya og grå dag.

Vi har nettopp vore på Mercedez, eg skal nemlig bytte bilen min til ein EL-variant, noke eg har lengta etter lenge. Eg pendlar mykje, og gledar meg vilt til å kunne køyre elektrisk, så mange fordelar og ikkje minst at ein sparar miljøet. På mandag skal eg hente den nye (ikkje spons)
DSC04207Da eg var i Trondheim for noken dagar sidan var eg innom ein butikk som heite «Shine». Ei herlig, litta sjappe med så mykje fint. Eg fann denne gensaren fra Isabel Marant som eg sikla på, men snusfornuftig som eg etterkvart har blitt, så kjøpte eg den ikkje. Eg måtte tenke. Eg bestemte meg seinare på dagen for å gå innom igjen for å kjøpe den, og da eg kom tilbake låg den allerede innpakka til meg- ein gave fra butikken. Eg blei altså så glad! Dette skrive eg ikkje for reklamen sin del, men når folk er så snille og hyggelige, da vil eg så gjerne nemne dei og takke. Trøndara er fine folk altså (men det visste eg jo fra før).
DSC04216 DSC04219 DSC04226

Straks skal eg til Løkka for å møte to av mine barndomsvenninner som eg desverre ikkje ser så ofte, men desto hyggeligare å skulle møte dei i dag. Så ventar helga, det blir fint.

GOD HELG!