Høsten er her, og det er tid for å reparere huden etter sola sine deilige varme strålar. Desverre ikkje like fantastisk for huden da eg ofte kan få ureinheter etter sol og varme dagar. For ikkje å snakke om pigmentforandringar.
Da eg gjekk gravid med Billie fekk eg ein del pigmentflekkar, spesielt tydeleg på overleppen. Eg har brukt Zo produkt i snart 2 år, og i heile vinter har eg gått på Zo Medical kremprogram fra Dr. Obagi- og gjett om eg har flassa! Eg såg til tider heilt gal ut i fleisen.
Kort fortalt får ein reparert og bygd opp heile huden på nytt. Eit skikkelig treningsprogram for huden. Utfordringen er at har ein først fått hormonelle pigmentforandringar må det behandlast jevnlig og kan lett komme tilbake ved sol eller sterk varme.
Det eg har lagt mest merke til er kor klar og stram huden min har blitt, og meir glød enn noken gang etter langtidsbehandling med Zo program. I love it!
Det er Anne Line Leonthin på Beths Medispa som har hatt ansvar for huden min dei siste åra, ho varierar mykje på behandlingar og heimeprogram etter ke huden min treng.

Ho starta alltid med å ta bilder av huden min og skreddarsyr etter det, samtidig som ho ser tilbake på dei gamle bildene og ser korleis huden heile tiden forandrar seg.

Denne gangen var det Dermapen behandling for å gi nytt liv og stimulere kollagenproduksjonen i huden i tillegg til at ho la ein pigmentpeeling på overleppen min for å vedlikeholde resultata. Huden kjennes så fresh og fornøgd ut, og eg er klar for å gå laus på alle høstens spennande prosjekt.
Innlegget er skrive i sammarbeid med Anne Line slik at all informasjon skal vere riktig. Innlegget er ikkje betalt, men sponsa.