Med denne fine gjengen har eg vore i New York dei siste dagane, ein tur eg kjemme til å leve lenge på. Så deilig å vere på jentetur der alle har dei samma ønskene og behova, null drama (for det kan jo brått skje med jentegjengar har eg høyrt).
Vi har ete og drukket, dansa og kosa oss. Blant anna var vi på desse restaurantane: Mercer Kitchen, La Esquina, Vandal, Blue Ribbon og Felix.
Ein livleg lunsj på Felix. Akkurat slik vi lika det.
Turen var så til dei grader vellykka, og sett vekk ifra at eg savna mann og barn heime, så kunne eg lett ha vore fleire dagar i fantastiske New York! Eg elskar denne byen.
Men kvardagen ventar, og den kjemme til å vere innholdsrik og hektisk dei kommande vekene.
Klokka er midt på natta her heime no, selvfølgelig er eg våken og totalt surrete i forhold til søvn og tidssone. Eg sovna 20:30 i går kveld, da hadde eg ikkje sjans til å holde gluggane opne lengre. Eg skal prøve å legge meg att, snart våkna snuppemor, og da er berre til å sette inn turboen.
Godt å vere heime da. Borte bra, men heime best.