Det er fredagskveld, og eg ligge som eit aldri så lite slakt i bingen der eg har sove i 1,5 time mens Markus og Billie er på teater. Joda, eg skulle aller helst ha vore med på det, virkelig, men kroppen min er rimelig skakk-køyrt etter ei turboveke med action og alt for lite søvn.
Ikkje har eg fått sjansen til å oppdatere dikka på ting heller, det har berre ikkje vore tid eller fokus på å skrive «heim».
Så; ke har eg egentlig drive med desse dagane? Selvfølgelig kan eg ikkje skrive noke særlig om det, da mykje i denne bransjen skal vere hemmelig, og først vere ein nyhet når det virkelig gjelder. Men eg kan sei såpass at det handlar om meg og ny musikk. Eg har blant anna vore i Hurum og i Polen der AG- sminkehøna mi- har fulgt meg tett med sminkekostane sine. Så kan ein vel legge sammen to pluss to og tenke seg litt til opplegget.
Gledar meg til å fortelle meir, vise bilder og ikkje minst til alt dette skal ut i offentligheiten.
Haha, eg må forresten fortelle om ein dude eg møtte på flyet på veg i til Warsawa. Eg er altså på veg inn i flyet, og denne gutten spør meg; er du kjendis? For meg er det eit litt kleint spørsmål, veit aldri heilt korleis eg skal svare på det, men ender opp med eit «tjo, tja» svar. Greit nok.
Når vi så står og ventar på bagasjen vel framme i Polen kjemme han bort til meg igjen der han seier; » dama mi kalte meg for en dust fordi jeg ikke kjente deg igjen». Eg venlig tilbake; «nei, det trenge du ikkje å tenke på». Så bryter det ut av gutten; «er det forresten ok å si at du er mye penere på tv enn i virkeligheten?»
Litt satt ut og lettare overraska må eg svare han at; «nei, det er jo ikkje noke spesielt hyggelig å sei». Han prøver så å ro seg i land med at dama hans leser bloggen min, og at han har sett at eg blant anna gir gode treningstips og slikt, så; «bra jobba», avslutta han med. Eg daua.
Og nei, eg blei ikkje lei meg av denne kommentaren, derimot litt forbausa over antennene til visse der ute. Riktig nok så trur eg at han trudde han sa noke fint til meg, men det kom ganske så dårlig ut. Så resten av turen spøka vi med at; jaja, eg er jo penare på tv enn i virkeligheten. Kjemme ikkje til å gløyme denne på ein stund. Råd til vedkommande; tenk før du pratar.