Gledens fredag. Virkelig. Skikkelig. Dagen starta med ei knallhard og fantastisk treningsøkt, etterfulgt av shopping i byn. Allerede der var dagen fantastisk fin.
Så gjekk eg for å møte Markus til lunsj. Det første Markus sa; hopp opp på meg da! Eg berre; jammen eg har skinnbukse og høge helar, litt knotete å ta eit koalabjørn-grep da. Så kom beskjeden som eg aldri trudde skulle komme; kommunen har godkjent!! Og så hoppa eg, og skinnbuksa sprakk i skrittet.
Men det gav eg greit blaffen i, for det er lenge sidan eg har følt ein slik lettelse og glede. No kan vi endelig starte på huset vårt! Og digg at det endelig kan bli ein hyggelig sak i media om dette. Er ganske lei dei negative, kan du sei.
Egentlig skulle vi opna ein god champagne i kveld, men Markus er på julebord, så vi får ha det til gode. Istaden skal eg feire med Billie og Tale. Vi skal nemlig campe her i natt, før vi i morgo skal feire 30 års-dagen hennas. Hurra, for ei helg! Det kitla i magen, og eg er så happy.
God helg da, folkens. Det skal definitivt eg ha! Poncho: Chloé/ Skjorte: Zara/ Skinnbukse: Designers Remix/ Sko: Alexander Wang