Julebordsesongen er for mange allerede igang, og den kommande månaden er det mykje festlighetar som står på agendaen. Når det er jul er det lov til å dra på med litt shimmer, og for min del gjerne smokie eyes. I dagslys kan det sjå mykje ut, men så tidlig mørkt som det blir ute no, er det null stress med litt meir sminke.
MAKE UP
Smoky Eyes kittet fra Glo Minerals er perfekt til denne looken. 4 fine fargar i ein. Rougen «Paradise» er perfekt til augeskyggen. Lepestiften «Aruba» har ein frisk peach farge som eg likar godt. Basen eg legg kan du sjå her.
Blotting paperet er mitt beste tips til ein kveld på byn. Dette er eit alternativ til mattpudder for å få vekk blankheten i ansiktet. Eg foretrekke dette framfor pudder da sminken etterkvart kan bli litt «kakete» med for mykje påføring. Papiret pressar du berre på blanke parti i ansiktet.
HÅR
I og med at eg no har så langt hår, syns eg det er ekstra stas å krølle det til fest. Tanga må vere litt stor slik som denne «Soft Curl Tanga» fra GHD.
Etter at eg har krølla håret sprayar eg med ein hold spray for at krøllane ikkje skal skli ut. Denne fra Kerastasé er kanon.
Tips: la krøllane bli avkjølt for du rører dei med hendene eller hårbørste. Da helde dei bedre. THE BODY
Det er ikkje berre hår og ansikt som er viktig for meg, eg likar at det som skjuler seg under kleda er preppa og klart. Ikkje det at noken (andre enn Markus) får sjå noke til dette, men følelsen av at ting er på stell gjer noke med heilheitsfølelsen.
Shaping produkta fra Babor er fantastiske, eg har brukt desse over lenger tid, og er strålande fornøgd. Kroppen min er iallfall tørr som sandpapir i desse kalde vintertider, så eg må smøre meg godt.
God julebordsesong fine folk! Eg gledar meg til mange hyggelig lag og festlighetar!