X-mas time

Mens far jobbar på tomten med riving av hus, har mor heilt andre ting på timeplanen. Denne veka er meir eller mindre fullstappa. På torsdag skal eg ha konsert på Jessheim, fredag Lillestrøm, lørdag og søndag i Sogndal. Det vil da sei at vi må køyre bil til vestlandet natt til lørdag. Godt eg har ein kjæreste som er ein stødig sjåfør, og ikkje minst glad i å køyre. Mor skal og må sove.

Eg var innom tomten i dag for å sei hei til Markus, og sjølvsagt sjå korleis ting bevegar seg. Og ting skjer, huset er i ferd med å tømmast for tapetar, vindauger og takstein. Tilfredsstillande å sjå at ting skjer. Framdriftsplanen ser óg fin ut, må eg sei.

Desember er ein fin månad, på alle måtar.  I morgo skal Billie og meg bake pepperkaker, og etter det skal vi pynte juletreet. Ho gledar seg, men eg gledar meg nok like mykje sjølv. Eg er sånn passe glad i jula… Barnslig glad.

Håpar Desember er fin for dikka óg, at det er mest kos, lite stress. 
dsc06824 dsc06830