For ein dag det var i går, det er lenge sidan eg har hatt det SÅ gøy!! Vi var på ein stor fest hos Anette og Arne Fredly, og skal sei dei hadde stelt i stand.
Så mykje hyggelige folk, god mat og topp musikk. Nico & Vinz sto på scena, og det gjorde ikkje kvelden akkurat dårligare. Eg var store delar av kvelden på dansegolvet (det kjennes på beina i dag, er heilt nummen i føttene, pluss gnagsår både her og der). Det som var ekstra gøy var at eg møtte Tom Erik der- min gamle dansepartnar fra Skal Vi Danse i 2006. Eg har ikkje møtt han på 10 år, så gjensynsgleden var stor. Ikkje minst var det grisemorro å danse med han igjen! 😀 Verdt all smerte i dag.
Håpa ikkje det er lenge til Anette og Arne skal arrangere fest igjen, for dette var altså tidenes party. Takk for oss, vi gleda oss til neste gang!
