Det er min dag!

No har eg tusen ekstremt aktive sommarfuglar i magen! I morgon er det MIN dag på Hver Gang Vi Møtes. Skrekkblanda fryd vil eg sei. Eg håpar og trur det blir fint. 

Allerede da eg vakna i grisotta på min dag, kjente eg at følelsane var i høgspenn. Eg visste om ein del av det vi skulle prate om, men eg var likevel usikker på kor mykje eg skulle dele. Dette skulle vise seg å falle heilt naturlig, da eg var så avslappa med gjengen rundt bordet. Dei var nysgjerrige, omsorgsfulle og varme. Det trengte eg – for tårene kom brått og hardt.

(Teksten fortsetter under bildet)

Det er spesielt å gå så kraftig tilbake i tid, kor ofte er det egentlig ein tenker over fortiden- heilt tilbake til barndommen? Eg har hatt ein god barndom, ein fin og trygg familie, men likevel har vi vel alle vore igjennom nokre humpar og dumpar i livet? Eg har iallfall det.

Silya og meg hadde ein avtale på forhånd; hvis eg begynte å grine for mykje, skulle ho starte med klapperegla «Ane Liane», noke som fekk meg på rett kjøl igjen. Det var befriande, og den blei brukt eit par gonger i løpet av dagen.

Eg er så takknemlig for tolkningane dei andre artistane gjorde av låtane mine. All den tiden dei har lagt ned i mitt materiale. Ydmyk og stolt!!

Her er ein liten smakebit fra morgondagens program:

Teksten fortsetter under videoen og bildene

Min aktivitet var selvfølgelig straffekonkurranse, der alle fekk drakt fra sin heimplass. Det var riktig nok eit litt for lite mål og baneforholda var litt humpete, men det var sabla gøy! Alt med denne gjengen var gøy. Eg inviterte alle til å bli med på morgenbad og frokost på ei motorisert flytebrygge, men det var ingen som ville hoppe uti vatnet – utenom meg.

Håpar di vil sjå på min dag på Hver Gang Vi Møtes kl 20:00 på TV 2 på lørdag.

Her er min opptreden fra Silya sin dag forrige helg.