Påskekos i solveggen

I skrivande stund sit eg på hytta, og det er så himla vakkert her! Masse snø og knallblå himmel. Denne plassen er noke av det beste eg kan tenke meg. Eg kosar meg grenselaust.

Hytta vår blei ferdig i fjor, men slike prosjekt blir jo aldri heilt ferdige, føles det som. Det er alltid ting som gjenstår, og ein av tinga for vår del er uteplassen. Den begynna så smått å ta form den óg, sjølv om det enda er ein del som gjenstår. Det vi har fått på plass er utemøblar- og det er skikkelig koselig. Akkurat no er det haugevis med snø her oppe, men om noken veker blir det igjen tid for å nyte gode timar på terrassen. Eg har valgt samme utemøblar på hytta som heime, fra SixBondStreet.no.

Rottingmøblar finns det mange variantar av, men akkurat desse syns eg er hakket finare enn dei aller fleste eg har sett. Bordet er av betong som ser ut som tre, og det er gode spisestolar med armlener og ei supefin sittegruppe med grå puter (eg skal jazze det opp med enda fleire puter til våren). Terrassen vår på hytta er over 100km2, pappa meinte den var ALT for stor, men med tre sitteavdelingane blei den faktisk ikkje for stor… Trur pappa er litt meir enig no (fedre likar å ha meiningar).

No slepp vi å sitte på golvet å ete mat, hurra! 😀

Teksten fortsetter under bildene
Desse bildene er tatt i høst før snøen kom. Eg gledar meg slik til å sette ut møblane igjen!

Eg køyrer konkurranse på Instagram i dag der du kan vinne Mountauk Lounge 3-ster med bord til, akkurat den eg har her på hytta.