Billie 4 år

I helga har vi feira Billie sin 4-årsdag, og eg som er så glad i bursdag sjølv ville så klart gjere dagen hennas så fin som mulig. Eg bestilte ein heil haug med ballongar, servise og anna pynt fra Festligeting.no. Billie hadde ønska seg “My Little Pony”-tema, og det fekk ho så det sang etter. Fine, fargerike ballongar, og for ikkje å snakke om den ville kaka fra Hancock.

Vi feira først bursdag på lørdag med voksne og barn, og mandag hadde vi barnehage-bursdag. Barna syns pynten var rimelig innafor, og det syns mor óg.

Tenk at ho er 4 år allerede… Tida går alt for fort!

Sjå bilder fra bursdagen til Billie.
Altså… Denne kaka er jo heilt fantastisk!!  Billie gliste fra øyre til øyre heile dagen, og sovna som ein dupp da kvelden kom. Det er slitsomt å ha bursdag. Det kan eg skrive under på.