SPONTANROMANTIKK

Eg er ein romantikar. Heldigvis er eg så heldig å ha ein kjæreste som er kliss lik. I går kveld etter at Billie hadde lagt seg, satte vi oss ut for å nyte dei siste minuttane med sol. Vi opna ei flaske kvitvin, satte ut Geneva-annlegget og der blei vi sittande i mange timar. Vi mimra, prata om fine ting og nøyt.

Slike ting er så viktig av og til. Å berre la Paradise Hotel og Netflix bli nedprioritert, og berre vere kjærestar. Det er  slett ikkje så mykje som skal til, men eg veit sjøl kor lett det er å lande i vater i sofaen og glane mållaust på ein eller anna skjerm. Gjerne to skjermar samtidig.

Spontanromantikken er viktig. Når ein minst forventar det, det er da det er aller best. Eg hadde ikkje tenkt å drikke vin i går, men pokker heller. Drit i alle prinsipp og knekk ei flaske vin på ein tirsdag. Eg trur det er så sabla sunt, eg. Eg velger heller å glane inn i dei vakre augene til kjæresten min!